Ofte stilte spørsmål


Kva er kombucha?

Kombucha er ein fermentert drikk, laga av te, sukker og ein symbiotisk kultur av bakteriar og gjær (kalla SCOBY). I løpet av gjæringsprosessen vert sukkeret omdanna til alkohol som igjen vert omdanna til eddiksyre. Ein kan då stoppe prosessen og tilsetje smak av bær, frukt eller urter. Dette gjev ein lett søt og syrleg drikk full av blant anna aminosyrer, antioksidantar og B-vitaminer. I tillegg inneheld kombucha probiotika, som er mat til dei gode bakteriane i magen. Resultatet vert ein lett syrleg drikk med bobler i.

Er det alkohol i kombucha?

Det vert alltid danna litt alkohol ved fermentering, men det er så lite at det vert rekna som alkoholfritt.

Kvifor skal flaska stå kaldt?

Dette er eit levande upasteurisert produkt,så gjæringsprosessen vil fortsetje i romtemperatur. Derfor må flaska alltid stå kaldt.

Er det sukker i kombucha?

Sukkermengda varierar, men det er som regel lite sukker att i det ferdige produktet. 

Kan gravide,ammande eller barn drikke kombucha?

Gravide, ammande eller barn kan fint drikke kombucha, men start forsiktig om du ikkje har drukke det før.

Er det koffein i kombucha?

Ja, men veldig lite. ¾ av koffeinet som er i svart te vert omdanna i fermenteringsprosessen. I ei flaske kombucha er det mellom 5-10 mg. Det er mykje lågare enn td i ein kopp grøn te som inneheld ca 40 mg, og lågare enn dei fleste kan merke nokon effekt av. I tillegg inneheld kombucha polyfenoler og l-theanine, som er med på å motverke effekten av koffein.

PH i kombucha

Rett PH-nivå for kombucha er mellom 2,5 og 3,5 pH. PH-nivået til kombucha er viktig då det beskyttar brygget mot skadelege mikroorganismar.

Gelè i flaska?

Under gjæringsprosessen fortset fermenteringa og det kan bli danna eit biprodukt i flaska. Denne gelèliknande massen av cellulose som liknar på ein manet, er heilt ufarleg og er berre eit teikn på ein levande produkt.