Våre smakar
Vi er eit lite småskala bryggeri lokalisert i Ålesund, midt blant fjord og fjell. Etter meir enn ni års erfaring med å brygge kombucha på kjøkenbenken, byrja eg å brygge kombucha for vidare sal i 2023.
Vi brygger kombucha av ekte råvarer av god kvalitet. Saman med god tid og handlag vert det velsmakande kombucha.
Kombuchaen vår smakar godt for seg sjølv eller i lag med mat.
Vi brygger 4 faste smakar:
Jordbær
Leskande. Ein smak av sommar på flaske. Heile familien sin favoritt.
Mango
Leskande. Perfekt til fredagstacoen eller asiatisk mat.
Eple og krydder
Lett eplesmak blanda med kanel, nellik og kardemomme.
Sitron og ingefær
Bryggaren sitt svar på sitronbrus. Smakar godt åleine eller til mat.
Limited edition
Bringebær og humle
Svart og grøn* te, sukker*, kombuchakultur (bakteriar og gjær), bringebær, citrahumle, og hibiscus*, kullsyre.